College Papers

I denne teksten skal eg gjere greie for Platon si gjenminnelæra med vekt på det han seier i eksempelet med slaveguten

I denne teksten skal eg gjere greie for Platon si gjenminnelæra med vekt på det han seier i eksempelet med slaveguten. I dialogen Menon (Platon 1 2015) vert vi presentert ein dialog mellom stormannen Menon og filosofen Sokrates. Eksempelet med slaveguten vil ikkje verte fortald i detalj, då fokuset vil liggje på det Platon seier om gjenminnelæra.

I Menon er Sokrates i dialog med Menon, blant anna snakkar dei om korleis ein kan definere dyd, og kva det er. Den tar for seg om dyd kan lærast eller er det noko som ein er fødd med.
Denne teksten tar utgangspunkt i den delen, som handlar om at all kunnskap er medfødt, gjenminnelæra til Platon.

We Will Write a Custom Essay Specifically
For You For Only $13.90/page!


order now

Gjenminnelæra er at noko kunnskap vert nedarva gjennom sjela. Vår sjel eksisterte før den vart bunden til ein kropp. I tidlegare eksistens har sjela oppnådd all vit og den vil gå tapt når sjela blir født i ein kropp. I eksempelet med slaveguten vil Sokrates vise for Menon at det er mulig å innhente ny kunnskap ved hjelp av aktiv læring.. Med andre ord så vil han bevise gjenminnelæra i praksis. Han ber ein av Menon sine slavegutar, utan matematiske kunnskapar om å løyse eit geometrisk problem. Ved hjelp av rettleiing frå Sokrates kjem guten fram til riktig løysing etterkvart.

Platon brukar Sokrates og slaveguten til å gi liv til sin teori om gjenminnelæra. Dette fordi Sokrates oppmodar guten til å svare på ting han i utgangspunktet ikkje har greie på. Platon vil fram til at det Sokrates gjer for guten berre er å hente ut kunnskap som allereie er i sjela. Kunnskapane som gav svar på det geometriske spørsmålet låg allereie i sjela og vart dermed ikkje lærd utanfrå.

Platon sin tanke om den udødelig sjel vert understreka ved at Sokrates ikkje undervisar slaveguten, men at guten sjølv løyser problemet gjennom dialog. Sidan guten ikkje har undervisning understrekar det gjenminnelæra ved at kunnskapen må komme frå sjela sin tidlegare eksistens.

Den nemnde kunnskapen som vert lagra i sjela treng ikkje nødvendigvis å vere kunnskap. Det kan tvert i mot vere nærare ei sann oppfatning. Det er og vesentlig å nemne at slaveguten kanskje ikkje har nådd så langt at han har oppnådd nemnde kunnskap. I slavegut-dømet kjem guten fram til den riktige løysinga, men han veit framleis ikkje kvifor den løysinga er rett (Platon 2015:31). Han er ute av stand til å grunngi sitt svar til andre, og han kan heller ikkje setje denne kunnskapen til nytte i andre samanhengar.

x

Hi!
I'm Mindy!

Would you like to get a custom essay? How about receiving a customized one?

Check it out